Opplev Stadlandet

Sommaraktive Stad
Kvar sommar sidan 2016 har det vore arrangert Sommaraktive Stadt – Ei veke proppfull av aktivitetar for heile familien.
Stadlandet idrettslag, saman med fleire lokale lag og organisasjonar, arrangerer både fotballdag, vanndag, fiskekonkurranse, turn, tennis, sandvolleyballturnering, farmenleikar, surfing, baneskyting, helikopterturar og mykje meir. I 2024 er datoen satt til 28 juni – 06 juli.
For meir informasjon, sjå

Stadlandet Rett Vest
Stadlandet Rett Vest er eit fjelltrimløp som vert arrangert av Stadlandet IL. Løpet går frå Dragseidet til Refsnes ( Ervik ) på Ytre Stadlandet. Løypa er 13,2 km meter lang og 600 høgdemeter.
Løypa startar på Dragseidet, staden der Olav Tryggvason kalla stormenn frå 4 fylker til kristningsting i året 997. Her går også gamle ferdavegen der folket i eldre tider drog båtane sine over eidet for å sleppe å sigle rundt det farlege Stadhavet. Sjølve løypetraseane utover fjellplatået mot Ervik har moderat stigning, med ei panorama utsikt mot Stadhavet men og nordover til Sunnmørsalpane, Bremanger i sørvest og Nordfjord i aust. Mosekleivhornet er løypa sitt høgste pkt. med sine 540 m.o.h. Her har du ei fantastisk utsikt mellom anna til Hoddevik. Turløypa er godt merka, og er ei populær turløype heile året.
For meir informasjon, sjå

Fjellturar
Stadlandet er fullt av fine turområde og vi vil sjølvsagt dele våre favorittar med deg. Hovden i Ervik er til dømes ein enkel tur som ikkje berre byr på magisk utsikt, men òg på historisk sjarm. Her kan du sjå spor frå andre verdskrig i form av bunkersar og tunnelar gjennom fjellet. Ein annan favoritt er Mosekleivhornet – med utsikt over vakre Hoddevika.
På Stad Hotell har vi ein stor kart-modell over Stadlandet der alle turløypene er markert. Spør oss gjerne om råd for å finne ein tur som passer deg – og sjå gjerne nettsida/ Facebooksida til Stadlandet Idrettslag – Trimgruppa for inspirasjon og nærare informasjon om turløypene:
For meir informasjon, sjå

Guida turar
Med Stadt Naturguiding får du guida fotturar på Stad og i Selje med spennande og dramatisk historie inkludert – og samstundes oppleve området saman med lokalkjende. Påmeldingsturar vert annonsert på Facebook, er varierte og passar for dei fleste. Du kan òg bestille guida tur for ei gruppe. Ved ønske kan dei ordne transport til dykk.
Priseksempel: 3-4 t, minimum 4 pers 350, – pr. pers. Større grupper – be om pristilbod.
Les meir på Stad Naturguiding si
For meir informasjon, sjå

Surfing
Hoddevik og Ervik er kjend for sine kvite sandstrender omkransa av høge fjell. I vatnet møtast nybyrjarar og erfarne surfarar, for å dele gleda som bølgjene byr på i denne idylliske omgjevnaden. Året rundt – uavhengig av sol, regn, snø – blir surfing ein minneverdig oppleving. På Stadlandet er det mange dyktige instruktørar – både for deg som vil fange di fyrste bølgje, bli betre eller kun treng ei guide i surfemiljøet her på Stad.
Kontakt oss så hjelper vi deg med å booke ditt kurs.
Stad Hotell tilbyr også Comfort-surf.
Kontakt hotellet for bestilling.

Trening
Blackrock Gym er eit nytt treningssenter som opna dørene sommaren 2024.
Treningssenteret er utstyrt med topp moderne treningsutstyr og gode fasilitetar.
Treningssenteret ligg i nær tilknyting til Stad Hotell.
Vi trur at treningsopplevinga di blir forsterka i fine omgivnader.
For meir informasjon ta kontakt i resepsjonen på Stad Hotell, eller sjå

Tennis
10 minuttars spasertur frå hotellet kan du boltre deg på Stad tennisbane. Her kan du leige både racket og ball frå utstyrskassa, mot ei tilleggsavgift. Og når du først er i området, anbefalar vi å teste ut strandvolleyballbana som ligg mellom tennisbana og småbåthamna. På fine sommardagar er dette eit populært område for både bading og aktivitetar for store og små. Meir informasjon om korleis ein går fram for bruk og betaling, finn du her:
For meir informasjon, sjå

Yoga
Bygda Yoga Skule, ved Gry Hansen, tilbyr private yoga timer for deg eller mindre grupper (maks 8).
Yogastudioet hennar i Årvik, har varme i golvet og utsikt til havet.
Større grupper (10+) kan også booke Gry til å komme å halde yoga for di gruppe på Stad Hotell.
Gry Hansen har 25 års erfaring som yogalærer, og er tidlegare Norgesmeister i både turning og klatring.
For meir informasjon, sjå

Kunst og kreativitet
Natur – til inspirasjon; for deg som ønsker å vere kreativ med material av leire, akryl, olje, ull og gjenbruk. Du kan sjølv drøyme deg vekk medan du dreiar i leire, eller du kan vere med på kurs eller temakveld å lære av Rita. Eller kvifor ikkje ta med gjengen på kreativ teambuildings-aktivitet? Verkstaden ligg eit stenkast frå hotellet. Her kan du òg kjøpe handverk av lokale personar. Alt frå keramikk, strikk, hekl og bilete i akryl og olje til naturmateriale omgjort til bruksting og produkt i sølv.
For meir informasjon, sjå

Selja Kloster
Når du stig i land på øya Selja, er det som å reise tilbake i tid. Lær den spennande historia om Sankt Sunniva og Selja Kloster. Du kan vandre i dei same gangane som benediktinermunkane vandra for over 700 år sidan, og gå opp den smale trappa til toppen av klostertårnet. Følg i Sankt Sunniva sine fotspor opp stien til den heilage Sunnivahola, og nyt den spektakulere utsikta over klosteranlegget. Kanskje du vil smake på vatnet frå den helbredande Sunnivakjelda?
Klosterbåten tek deg med til majestetiske Selja Kloster med daglege avgangar frå Selje heile sommaren.
For meir informasjon, sjå

Golf
I Selje, ca.20 minutts biltur frå Stad Hotell, ligg Selje golfklubb. Dette er ei utfordrande 9 hulls park-bane. Bana ligg i eit roleg og naturfint område midt i Selje.
Bana har sommargreener heile året. Greenfee 200, –
For meir informasjon, sjå

Sagastad
På Nordfjordeid, ca. 60 minutts køyring frå Stad Hotell, ligg Sagastad. Sagastad er eit moderne besøkssenter om vikinghistoria på Nordfjordeid. Her får du stige om bord i det 30 meter lange Myklebust-skipet, landets største vikingskip. Reis tilbake i tida i vår heilt nye VR-verden og opplev Nordfjordeid som virtuell vikinglandsby. Møt vikingkongen Audbjørn, og lær om hans liv og død gjennom den interaktive utstillinga. Oppdag mystiske ritual og mytologi frå den norrøne trua, og sjå korleis skipet gjenoppstod frå oska i gravhaugen. Senteret fengjer gjestar i alle aldrar, og er ein ypparleg stad å besøke med heile familien.
For meir informasjon, sjå

Kystpilgrimshotell
Pilegrimsleden er et nettverk av stier som tar deg gjennom vakker natur, kulturlandskap og historiske steder. De starter i ulike deler av landet, og alle leder til Olav den helliges gravkirke, Nidarosdomen i Trondheim. Den middelalderske tradisjonen med pilegrimsvandring har igjen blitt populær i ny tid, både blant religiøse, historieinteresserte og turfolk.
Stad hotell er ei sertifisert pilegrimsovernatting og tilbyr ein pilegrimsrabatt på 10% for pilegrimar med pilegrimsplass.
Sjå Stad hotell for rom-utval og booking.
Rabattkode/promokode: Pilegrim10 gir 10% rabatt på overnatting uansett rom.
Stad Hotell ligg ca. 25 minutts køyretur frå Selje Pilegrimssenter.
For meir informasjon, sjå

Hakalletrappa
Ved Hakallestranda, ca. ein times køyretur frå Stad Hotell finn du ei spektakulær sherpatrapp med panoramautsikt over Stadhavet og solnedgangar i vest.
Perfekt dagsutflukt frå Stad Hotell.
Stad Hotell og Ervik Havfiske har kjøpt og sponsa til saman 4 trappetrinn her. Ta turen og sjå om du finn namna våre på trappetrinna!
Ei lita merksemd vil bli gjeven til dei gjestane som kjem tilbake til hotellet og seier riktig trappetrinnsnummer.
For meir informasjon, sjå