Opplev Stadlandet
Stadlandet byr på spektakulære naturopplevingar, unike attraksjonar og aktivitetar for både eventyrarar og livsnytarar.
STADLANDET
Der havet har forma menneske, landskap og historie
Stadlandet er eit av dei mest markante og myteomspunne kystområda i Noreg. Denne halvøya, som skil Nordfjord frå Norskehavet, har gjennom tusenår vore både ei livsnerve og ei grense – eit stadnamn som vekkjer respekt hos sjøfolk, og undring hos dei som kjem hit for fyrste gong.
Les meir
Her møter ein eit av dei farlegaste havstykkja langs norskekysten. Stadthavet har gjennom historia krevd mange liv og mange skip, og nettopp dette har gjort området til ein sentral del av norsk sjøfartshistorie. Kraftige straumar, skiftande vêr og ope hav gjer at naturkreftene alltid er til stades – synlege, høyrlege og kjennbare.
Samtidig er det nettopp havet som har gitt grunnlag for busetnad, handel og utvikling. Stadlandet har vore busett sidan lenge før vikingtida, og leia utanfor har vore ei av dei viktigaste ferdselsårene i landet. Her har kongar, handelsmenn, fiskarar og pilegrimar passert – ofte med livet som innsats.
Naturen – rå, vakker og ekte
Stadlandet er kjent for sitt dramatiske landskap. Bratte fjell møter havet, grøne dalar med kystbygder opnar seg mellom fjella, og strender som Hoddevik og Ervik ligg som lyse band mot det mørke havet. Lyset skiftar raskt – frå mjukt og gyllent til mørkt og dramatisk – ofte fleire gonger same dag.
Naturen på Stadlandet er ikkje polert – den er ekte. Det er ein stad der vêret er ein del av opplevinga.

SKIPSTUNNELEN
Eit nytt kapittel i ei gamal historie
Midt i dette landskapet blir det no forhåpentlegvis skrive eit heilt nytt kapittel i norsk kysthistorie: Stad skipstunnel. Når tunnelen står ferdig, vil den bli verdas fyrste fullskala skipstunnel for større fartøy – bygd for å gi tryggare ferdsel forbi Stadhavet.
Les meir
Skipstunnelen er ikkje berre eit ingeniørprosjekt, men eit symbol på kor viktig Stad har vore – og framleis er – for ferdsel langs kysten. Der sjøfolk før måtte vente i dagevis på rette vêret, vil skip i framtida kunne passere trygt gjennom fjellet.
For gjestar vil dette gje eit unikt høve til å oppleve både fortid og framtid på same stad: historia om dei farlege farvatna, og løysinga som no vil bli bygd for å temje dei.

Hoddevik
Surf, natur og vestlandsvind
Det vert fortalt at dei fyrste som skulle ha busett seg i Hoddevika, var munkar som kom ifrå England eller Irland, som tidlegare hadde vorte kristna. Vika skulla derfor i eldre tider vore kalla Helgramannavik, “den heilage manns vik”.
Les meir
Hoddevik er kanskje den bygda på Stadlandet som har fått mest nasjonal og internasjonal merksemd dei siste åra – ikkje fordi den har eit stort folketal, men fordi naturen og havet her er heilt spesielt. Hoddevik ligg på sør-vestkanten av Stadlandet med ei lang, kvit sandstrand omgitt av bratte fjellsider som skjermar vika og gir heilt unike bølgjer for surfarar frå heile verda.
Sanden på sørsida av Hoddevika er eit sjeldan syn. Den har på forunderleg vis trekt seg opp etter fjellsida i sort omfang. Det vert fortalt frå gamalt om grunnen til dette.
Det skulle ha vore eit fantefylgje som var komne til bygda. Dei fekk lov til å slå leir på sørsida i utmarka. Etterkvart som tida gjekk, fekk dei meir og meir plage med fantefylgje, dei både stal, slost og øydela. Ein dag hadde Hoddevikarane fått nok. Då gjekk alle karfolka ut i leiren og jaga dei derifrå. Då fantefylgje var komne opp i Kleiva og hadde Hoddevika nedfor seg, var der ei av dei gamle konene som snudde seg og lyste forbanning over plassen dei hadde budd på. Ho sa at der aldri meir skulle vekse gras der eller noko anna etande.
I Hoddevik møter du kreftene frå det ville Vestlandet ansikt til ansikt. Det er nettopp dette samspelet som skaper dei perfekte surfebølgene, der sesongen varer året rundt for alle med ei varm våtdrakt og som har lyst på eit skikkeleg adrenalinkick.Samstundes er det også ein stad for ro: ein kan gå turar, kjenne den salte havlufta, sjå lyset spegle seg, nyte synet av sola som går ned i havet og erfare kor storslått naturen er på Stadlandet.
Bygda har berre nokre titals fastbuande, men tiltrekkjer seg surfarar, friluftsfolk og fotoentusiastar heile året. Det lokale surfemiljøet veks stadig, og mange kjem tilbake til Hoddevik år etter år for å kjenne på samhaldet, bølgjene og det spesielle lyset.
Elektrisiteten kom til Hoddevik i 1921 – mobildekninga kom i 31. oktober 2011.
Kvifor Hoddevik?
- Surfing – verdskjend surfestad med bølgjer året rundt.
- Fotografering – spektakulær natur og dramatiske kystlandskap.
- Strandliv og naturoppleving – lange spaserturer på sandstrand og i fjella rundt.
- Fottur til Mosekleivhornet, Furehornet eller den umerka turen over fjellet til Ytre Fure (Nb. Bratt terreng)

Årvik og Honningsvåg
Kystmiljø, ro og natur
Årvik er ei lita, fredfull bygd på nordaustsida av Stadlandet. Her er ope landskap og sterk tilknyting til naturen. Her møter du eit autentisk kystmiljø der folk har levd av lakse-fiske, småbruk og eit levande samspel med havet gjennom generasjonar.
Ein kan framleis sjå dei eldre steingardane og gardstuna, som fortel om ei tid då alle kjende alle og samhald var avgjerande. Årvik er ikkje ein typisk turist-stad, men nettopp dette er sjarmen med bygda – eit lite, ærleg kystlandskap der tid blir mindre viktig.
Les meir
Sørsida av bygda Årvik har ein litt spesiell formasjon som truleg vart forma av istida.
Den ligg som eit lite dalsøkk gjennom bygda, og vert av bygdefolket kalla Flatrenden.
Skulehuset i Årvik vart bygd i 1925, og bygda hadde eigen skule heilt fram til 1983. Skulehuset vart deretter nytta som barnehage i mange år. I dag er skulehuset i privat eige.
Tradisjonelt sett har bygdefolket i Årvik brukt nabo-bygda Honningsvåg som hamn til båtane sine. Dette kjem av at Årvik ligg så ope til for veir og vind – det er lite som skjermar for naturkreftene. Små robåtar kunne dei drage på land, men dei større båtane var det vanleg å skjerme i Honningsvåg som ligg meir i le.
Elektrisiteten kom til bygda rett før jul i 1950.
Honningsvåg ligg også på nordaustsida av Stadlandet med utsyn over havet, og har tradisjonelt vore ei naturleg hamn med fiskemottak for fiskebåtar og fritidsbåtar. Vêrforholda kan vere krevjande utanfor Honningsvåg, men litt meir i le innerst i bygda. Dette er ein stad der ei kysthamn møter storhavet.
Alt tyder på at jordsmonnet og avlingane i Honningsvåg ikkje var av beste sort. Fiskeri derimot var ein stor del av kvardagen og næringsgrunnlaget der ute. Like etter århundreskiftet kom omlegginga frå ro- og seglbåtar til motorbåt innan fiskeri, og den fyrste motorbåten kom til bygda i 1904. Honningsvåg var frå slutten av 1920 åra fast stoppestad for Dampskipsruta mellom Bergen-Ålesund.
Havet var hovudfartsåra til og frå Honningsvåg og det var ikkje uvanleg å være vêrfast der, eller at bygda var isolert frå omverda. I 1931 fekk bygda vegsamband til Årvik via Kleiva. Elektrisiteten kom til Honningsvåg omlag samstundes som Årvik, rundt 1949.
Telefonsamband med omverda hadde dei allereie i 1905.
Honningsvåg er eit glimrande utgangspunkt for dei som vil utforske både havet og fjellet – turområde, padling med SUP-brett, dykking og naturfoto er alle aktivitetar du kan ta deg til med i Honningsvåg. Terrenget varierer frå bratte fjellsider til flate stiar, og du vil kjenne at det er kystkultur i kvar bølgjande vindpust.
Kvifor Årvik og Honningsvåg?
- Rolege strand- og fjørevandringar
- Hamneområde – tradisjonell kysthamn
- Nærheit til fjellplatået Kjerringa – Vestkapp
- Fotturar og natur – Varaldsfoten, Stålet
- Fine forhold for dykking og SUP ved hamna og langs havbukta
- Kleiva, mellom Årvik og Honningsvåg er eit spektakulært utsiktspunkt for å oppleve Stadhavet og naturkreftene på nært hald.

Ervik
Havet, folka og krigshistoria som aldri slepp taket
Ervik er ei bygd der naturkreftene og historia går hand i hand. Den vide sandstranda i Ervik ligg open mot storhavet, og her kjenner ein både storslåttheit og alvor – for dette er ein stad som har sett at havet både gir og tar.
Bygda har lange tradisjonar innan fiske og kystliv, men det er hendingane under andre verdskrig som har sett dei djupaste spora i bygda og folket som lever der.
Les meir
Hurtigruteskipet DS Sanct Svithun vart torpedert av allierte/Canadiske fly utanfor Ervik i 1943. 45 nordmenn og mellom 12-20 tyske soldatar omkom. Mange av dei nær 80 overlevande vart redda i land nettopp her, og bygdefolket spelte ei avgjerande rolle i redningsarbeidet – under ekstremt vêr og stor fare for eige liv.
I dag står Sanct Svithun minnekapell i Ervik som eit sterkt og stille vitnemål om denne hendinga. Kyrkja står ut ved havet – same havet som gav levebrød, men også tok liv.
20 Januar 1944 vart D/S Emsland frå Hamburg bomba av allierte fly, sør for Ervik. Båten gjekk for eiga maskin inn på Ervika. Her vart den landsett heilt inne på sanden ved elveosen. Skipet var på 8400 tonn og var lasta med kol. Mannskapet vart berga.
Det var ikkje berre denne eine gongen Emsland vart bomba.
Frå leida såg båten heil ut, og vart fleire gongar oppfatta som ein trussel.
Det seiast at Emsland derfor vart bomba og torpedert av både fly, ubåt og eit skip i etterkant. Eine gongen var då eit skip som skulle segle forbi, hadde observert det tyske skipet inne på Ervika. Dei sende då 3 granatar mot skipet og bygda. Den eine granaten gjekk forbi og inn igjennom den gamle todelte Gunnastova. Igjennom ytterveggen, via stova og kjøkkenet til Juditta, igjennom kjøkkenveggen til Olga og landa oppå kjøkkenbenken. Holet mellom kjøkkena vart aldri tetta, så holet var der til huset vart riven ein gong på 1970 talet.
Sommaren 2022 var der lite sand på stranda i Ervik. Det vart då plukka kol mellom steinane i området rundt elveosen – nesten 80 år etter skipet vart landsett der.
I Ervik kan ein også sjå ruinane av ein fangeleir for russiske krigsfangar frå 2.verdskrig.
Eit klokketårn som står på gravplassen til kapellet, er omgjort til minnerom for omkomne krigsfangar.
For mange besøkande er Ervik ein av dei mest gripande stadane på Stadlandet.
Samtidig er ikkje bygda berre ein stad for minne, men også for opplevingar. Stranda, lyset, bølgjene og det opne landskapet gjer Ervik til ein stad som set spor – anten ein kjem for refleksjon, natur eller historie.
Kvifor Ervik?
- Sanct Svithun minnekapell
- Ei statue; Kystkvinna – med namn over omkomne på havet
- Vandring ved gravplassen og kyrkjetårnet / minnerommet
- Strandvandring langs Erviksanden
- Fottur til Hovden forbi fangeleir-ruinane, Loshylla, Hushornet og tur rundt Ervikvatnet
- Kombiner natur, historie og stillheit i ei oppleving

Borgundvåg
Hamn, historie og kystliv
Borgundvåg er ei lita, men strategisk viktig hamnebygd på Stadlandet. Som den einaste djupvasshamna på denne delen av halvøya har bygda gjennom tidene vore ein viktig stad for lokale fiskarar, handel og samferdsel.
Borgundvåg er ikkje ein stor stad i tal på folk, men bygda har ei eiga, lun og levande atmosfære. Den siste tida har bygda blomstra opp i tal på busette småbarnsfamiliar, og trass i at bygda er relativt lita geografisk sett, manglar ikkje bygda tilbod og aktivitetar både for reisande og fastbuande.
For småbarnsfamiliar er Draumeplassen Havsyn eit populært besøksmål. Her kan ein mellom anna grille, padle kajakk og kano, arrangere selskap, og der er tilrettelagt for oppheng til hengekøyer om du vil overnatte ute.
Les meir
Kunstnaren Rita ved den kreative verkstaden Natur-til inspirasjon arrangerer forskjellige kurs og aktivitetskveldar, med utgangspunkt i handverk av all slags naturmateriale, for deg som er på jakt etter eit særeige kunstuttrykk der natur og kunst møtast.
Vi må heller ikkje gløyme den fasinerande solbær-farmen Bare bær, ytst i havgapet.
Bare bær har eit lite, sjølvbetent gardsutsal av eigenproduserte solbær-produkt lokalisert ved starten av turstien til Revjehornet.
Mykje tyder på at Borgundvåg har vore hamneplass i lang tid.
På 1600-1700 talet vart det bygd opp handelsstad både på Haugsholmen og på Borgundholmen. Segna fortel at her har vore fleire bygningar, mellom anna ei skjenkestue og at det var krav til arrest for dei som fekk litt for mykje. Det kunne gå livleg for seg på holmen, når landligga vart for lenge ved dårleg ver. Tidtrøyta var ofte då å fortelje historier eller Firkortspel. Det vert fortalt at det var ved ei slik landligge at garden som etter dette vart kalla Firkort vart satsa og tapt. Resultatet var at heile familien som budde der måtte flytte ut. Denne historia kan ikkje dokumenterast, men har gått på folkemunne frå generasjon til generasjon.
I dag er hamna i Borgundvåg like aktuell som før.
Borgundvåg er i dag ei operativ fiskerihamn verna av moloar som Statens Havnevesen bygde for mange tiår sidan. Hamneområdet er delt mellom offentlege og private interesser. Store delar av hamneområdet er industrisenteret til maritime formål, og bygdefolket har opparbeidd seg eiga småbåthamn.
Borgundvåg er eit perfekt stopp for dei som vil oppleve kystkultur på nært hald – her ser ein båtar i alle variantar i eit rikt hamneliv, gårdsdrift og tradisjonelle naustbygningar som vitnar om livet langs havet.
Kvifor Borgundvåg:
- Industri og hamneområde
- Fottur til Okla vindkraftverk med 3 gapahukar langs vegen
- Fottur Revjehornet med panoramautsikt og Sundsøyra – ein populær turpost til Barnas turlag
- Draumeplassen Havsyn
- Natur-til inspirasjon
- Bare bær
- Rikt dyreliv med mange kystgeiter

eltvik og tungevåg
Stillheit, natur og krigsminne langs storhavet
Eltvik er ei av dei mindre og meir skjerma bygdene på Stadlandet. Som mange av dei andre bygdene her ute, er også Eltvik prega av kystens sterke natur – havet, vinden, fjorden og dei dramatiske lysa. Bygdefolket i Eltvik nytta frå gamalt av sjøvegen som ferdselsåre. Dette gjorde til at bygda var svært isolert når uveret rasa. Det var ikkje før i 1959 at vegen mellom Elvik og Tungevåg vart opna.
Tungevåg er ei stille og roleg bygd. Her er det ingen fastbuande att, men her er nokre fritidsbustadar. Turen frå Tungevåg, via Storneset og til Eltvik er nesten som ei reise tilbake i tid. Her får du oppleve storslegen historisk natur, som minner om tida som var. Vegen langs desse bygdene er smal, kronglete, ras-utsett, og er ikkje eigna for tungtransport.
Les meir
I 1941 vart bygda Eltvik okkupert av tyskarane. Tyskarane hadde base der ei lita stund, fram til dei flytta kanonane og materiell til Storneset mellom Eltvik og Tungevåg.
På Storneset kan du oppleve fleire underjordiske bunkersar frå krigens dagar, tydelege spor etter krigskanon-oppstillingar og andre historiske minnesmerke.
Arbeidet på dette anlegget vart igangsett i 1942. Arbeidsstyrken var på 50 – 100 norske arbeidarar. I tillegg arbeidde dei russiske krigsfangane frå Ervik på dette anlegget i 1943 og delar av 1944. Den tyske styrken på Eltvik festning var på minst 200 mann som på ettersommaren 1944 vart redusert til omlag 130 mann. Utetter vinteren og våren 1945 vart denne styrken enda meir redusert, og då freden kom bestod den av rundt 40 – 50 mann.
For å forklare størrelsen på anlegget på Storneset, var der:
6 franske store kanoner kaliber 15,5 cm (K.416)
2 tyske panservern kanonar kal.5 cm (Kampfwagenkanone),
3 luftvernkanonar (Flakskyts) kal.3,7 cm,
2 kanoner kal. 2 cm,
4 Colt mitraljøser kal. 7,92mm,
2 hollandske mitraljøser kal 6,5 mm,
2 franske mitraljøser kal. 8mm,
2 tyske maskingevær kal. 7,8 mm,
1 bombekastar kal. 5 cm.
Til desse våpena vart det lagra uhyggeleg mykje ammunisjon. På Eltvik festning var det 23 ammunisjonslager fordelt i område, i tillegg til 1 lager i Borgundvåg, 1 på Sande og 7 mindre i området i Nollen. Ved kvart av dei store kanonane var det sprengt ut ammunisjonsbunkers inne i fjellet med eit rom for sprenggranatar og eit rom for kardutsjen (krutladningar) Ved kvar av kanonane var det opphaldsrom og soveplass for 12 mann. To sprengladningar låg klar for sprenging av kanonane.
Til trass for relativt dårleg vegstandard, er Tungevåg, Elvik og Storneset er eit perfekt mål for fotturar, fotografering, vandring langs krigsminne, eller berre å ta ei pause frå kvardagens mas i fullstendig stillheit og kjenne den friske havlufta mot ansiktet.
Kvifor Eltvik og Tungevåg:
- Natur og stillheit i urørt kystlandskap
- Fottur via gamle postvegen mellom Eltvik og Honningsvåg
- Fugle- og dyreliv
- Krigsminner som bunkers, kanonoppstillingar og historiske minnesmerke

Drage
Utsyn mot storhavet og gamle ferdselsårer
Drage ligg strategisk plassert med utsyn mot det opne havet og dei krevjande farvatna rundt Stad. Dette har gjennom historia gjort bygda til ein viktig stad for ferdsel, navigasjon og kystkunnskap. Her visste folk korleis ein skulle lese veret, straumar og hav – kunnskap som vart overført frå generasjon til generasjon.
På enden av Myresanden på Drage, kan du kan sjå den hittil største båthelleristninga som ein har funne på Vestlandet. Helleristninga er truleg mellom 3000 og 3500 år gamal, men vart ikkje funne før i 2012. Helleristninga ligg nær ein tursti, men orienter deg gjerne med lokale dersom du vil prøve å finne den, sidan den per i dag ikkje er merka i terrenget.
Les meir
Bygda har tradisjonelt vore prega av fiske og småbruk, der kombinasjonen av hav og jord gav livsgrunnlag. Det opne landskapet, dei låge åsane og nærleiken til leia gir Drage eit eige, vidt preg – her er horisonten alltid nærverande.
Bygda har framleis nokre operative bondegardar, og i dag er faktisk Drage den bygda som har den største familiedrivne gardsdrifta som er att på Stadlandet. Gardsdrifta, med namnet Stormen Mjølk og Kjøtt, har per i dag 300 storfe, derav 120 mjølkekyr, og dei har heile 950 000 liter i mjølkekvote. I tillegg har dei 30 sauer som er klar for lambing denne våren.
Namnet Drage og Dragseidet kjem truleg frå betydninga av å drage båtane sine. I fleire århundrar drog sjøfolk båtane sine frå Drage – over Dragseidet – og til Leikanger.
Dette gjorde dei for å unngå å ferdast rundt det berykta og farlege havstykket ved Stadhavet. Den gamle Dragseidvegen er i dag ein fin tur å gå til fots.
Sidan Drage ligg strategisk til langs leia, var det kanskje nettopp derfor at Dragseidet, eidet mellom Drage og Leikanger, var staden der Olav Tryggvason etter soga kristna fire fylke i år 997. Det var nærmare bestemt i Leikongelva, like ved Kongshaugen på Dragseidet at kristninga / massedøypinga skal ha funne stad.
Denne hendinga er det i nyare tid blitt laga eit historisk friluftspel av. På Sverdeggja (Dragseidspelet) er skrevet av Rolf Losnegård og sjølve spelet føregår på Dragseidet med Stadlandet Ungdomslag som arrangør. Fyrste gong spelet vart framført var i 1997, og vart den gong opna av Hans Majestet Kong Harald. Sidan den gong har spelet blitt arrangert fleire gongar, og neste framsyning er planlagt til mai i 2027.
På Dragseidet skal det tidlegare ha stått ein gamal trekross.
Krossar av tre eller stein var svært vanlege, både etter sjøleiene og ferdavegane i den katolske tida, ofte på plassar der dei reisande brukte å stoppe opp for å ta seg ein kvil og ein matbit. Krossane var ikkje nødvendigvis alltid eit minnesmerke om historiske hendingar, men ofte ei påminning til ferdamannen om å takke Vårherre for at det hadde gått ein vel så langt og å be om lukke på ferda vidare.
Denne trekrossen som sto på Dragseidet rotna ned ein gong på 1850 talet.
I 1913 reiste Nordstranda Ungdomslag opp ein steinkross på staden.
Det var eit stort tak å få steinane fram av Flødeura og ned til vegen. Største steinane vart pussa til på staden. Det gjekk fleire veker før en kunne seia at det verste som sto att no, var å få steinane køyrde til Dragseidet. Det vart til all lukke mykje snø den vinteren. En kald vinterdag vart toget sett i gang – 50 mann og 7 hestar var med. Dagen ville verte for kort, så det måtte mannemakt til oppetter bakkane til staden der krossen skulle stå.
Nordstranda ungdomslag var svært spent på korleis det ville gå med avdukingshøgtida. For å sikre seg nok mat til stemnelyden kjøpte dei 3 stutar og serverte middag til alle som ville ha, av dei 4000 menneska som var på avdukings-stemnet. Det vart ei strid tørn for dei som sto føre, men det gjekk bra.
På Drage kan ein stoppe opp, sjå eit rikt dyreliv med både storfe, sau og kystgeit, sjå utover havet og kjenne på respekten for kystlivet slik det har vore i hundrevis av år.
Foto brukt i innlegget: Anita Leikanger.
Kvifor Drage:
- Kystlandskap med vid horisont
- Historiske ferdselsårer langs leia
- Fotografering av hav, himmel og lys
- Oppleving av autentisk kystmiljø med landbruk og fiskeri
- Naturvandringar over den gamle dragsvegen
- Helleristninga på Myresanden
- Dragseidspelet På Sverdeggja
- Gardsdrifta Stormen Mjølk og Kjøtt