opning 2028

Nye Leikongbuda
på Stad Hotell

No tek Stad Hotell steget inn i ei ny tid. Vi byggjer nye Leikongbuda – fleire rom, eit visningssenter og ein skylounge med 360 graders utsikt.

NYHEIT

No går det i ekspressfart
på Stadlandet!

Her er dei første glimta av planane som kan løfte Stad Hotell til ei heilt ny dimensjon! Vi arbeider med ei omfattande utviding med 33 nye hotellrom – ei dobling av dagens hotellkapasitet. Men dette skal bli langt meir enn berre fleire rom.

UTVIDINGA

33 nye hotellrom

Vi arbeider med ei omfattande utviding som doblar dagens hotellkapasitet. Dette skal bli langt meir enn berre fleire rom – det handlar om å byggje ein heilt ny del av Stad Hotell, tilpassa framtidas gjestar.

MOTTAKING

Resepsjonen flyttar til nye Leikongbuda

Resepsjonen, som i dag held til i Furebuda, blir flytta til første etasje i nye Leikongbuda. Der skal gjestene møte eit moderne visningssenter som presenterer den unike naturen, historia og utviklinga på Stadlandet – ei mottaking som fortel historia før gjestene i det heile har sjekka inn.

KRUNA PÅ VERKET

Ein skylounge med fantastisk
360 graders utsikt

På toppen planlegg vi sjølve kruna på verket – ein spektakulær skylounge med glas frå golv til tak og ei nærmast grenselaus 360-graders utsikt over fjell, fjord, skipsleia til Stad Skipstunell og storhavet.