Vi skaper dei rette rammene, medan de tek med familie, vener og kollegaer for å dele det gode humøret – saman lagar vi ekte førjulsmagi. Julebuffeten vår byr på eit rikt utval av varme og kalde rettar med djupe røter i tradisjonen, og når dessertbordet bugnar og tonane frå musikken fyller rommet, ligg alt til rette for ein minnerik kveld prega av smak, glede og fellesskap.
Ta med kollegaene til eit julepynta Stad Hotell, og senk skuldrene i godt lag. Her ventar smakar som høyrer jula til, ein lun atmosfære og god tid til praten rundt bordet.
Vi hjelper gjerne med å planleggje julebordet, anten de er ei lita bedrift eller ein større gjeng. Bli gjerne over natta, og nyt ein roleg morgon med ein god frukost saman før turen går heim.
Samle familie og vener til ein koseleg førjulskveld på Stad Hotell. Med god julemat på bordet og julepynta omgjevnader ligg alt til rette for å nyte eit godt måltid og kvarandre sitt selskap.
Vi ordnar med maten og dekkjer bordet, så de kan senke skuldrene og nyte kvelden saman. Anten de er ein liten venegjeng eller heile storfamilien, gler vi oss til å ønskje dykk velkomne.
For bedrifter, lag, foreiningar, familier og andre grupper som ynskjer ei hyggeleg førjulssamling, tilbyr vi fleksible julebord i vekedagane.
Vel mellom vår tradisjonelle juletallerken med dessert eller ein varm julebuffet med dessert og kaffi. De tek med gjestene – vi tek oss av resten.
Kun førehandsbestilling
For grupper frå 25 personar
Start helga med ein 2-retters middag. Vel mellom Ervik tannfisk eller ytrefilet, etterfulgt av dessert. Etter middagen held kvelden fram i hotellbaren med live musikk og god fredagsstemning, før de overnattar på hotellet.
Laurdag dekkjer vi opp til det store julebordet med mat på vår måte. Ein rikhaldig buffet med kalde og varme rettar, dessert og kaffi. Etter middagen held festen fram med levande musikk og dans utover kvelden og natta.
Kvifor skunde seg heim når de kan gjere julebordet til ei heil helg? Sjekk inn fredag, nyt god middag og live musikk, vakn til frukost og sauna – og avslutt laurdagen med det store julebordet, levande musikk og dans.
Ta med familie og vener og nyt ein hyggeleg førjulsmiddag med juletallerken og dessert.
Vi avsluttar julebordsesongen saman med juletallerken, musikk og dans – og ein god lokal førjulsstemning.
Enten de ynskjer ei enkel førjulssamling ein vekedag, ein hyggeleg fredagskveld, det store julebordet på laurdag eller ei heil julebordshelg, hjelper vi dykk gjerne med å finne opplegget som passar best.
Vi kan også skreddarsy julefeiringa for dykk. Ynskjer de litt ekstra spenning og gode opplevingar saman, kan julebordet kombinerast med ein av aktivitetspakkane våre.
Send oss ønskja dato, om lag kor mange de blir og kva de ser for dykk – så set vi saman ei julefeiring som passar for dykk.