Kva skjer med kvaliteten på strategien når ein flyttar arbeidet ut av byen – og inn i omgjevnader som styrkar fokus og samspel?
I samarbeid med Ålesund Næringsforening inviterer Stad Hotell til frukostmøte, der vi presenterer Stadlandet som arena for strategisamlingar, leiarmøte og målretta teambygging.
Mange bedrifter investerer mykje tid i strategiarbeid. Vi meiner at rammene rundt arbeidet påverkar kvaliteten på resultata meir enn ein ofte er klar over.
Hos oss handlar det ikkje berre om omgjevnader – men om å skape betre føresetnader for gode samtalar, tydelegare prioriteringar og sterkare samspel i leiinga.
Vi vil dele:
• Korleis vi legg opp strategisamlingar og leiarmøte med fokus på retning og gjennomføring
• Korleis målretta teambygging kan styrke samarbeid og beslutningskraft
• Moglegheit for bedriftsbesøk hos Ervik Group
• Korleis dei rette rammene kan gje best utteljing av tida ein investerer saman
Stad Hotell er ideelt for leiarsamlingar og grupper frå 5–32 deltakarar.
I samarbeid med lokale partnarar kan vi òg ta imot større grupper ved behov.
Det blir sett av tid til spørsmål og uformell samtale.
Kven er dette for?
Leiarar, HR-ansvarlege, styremedlemmer og beslutningstakarar i Ålesund og omegn.
28. april – 07:45–09:30
Frukost blir servert.
Vi ser fram til å møte dykk og saman finne ut kva Stad Hotell kan tilby dykkar team.