Hotellet

tradisjonsrikt og sjarmerande
Stad Hotell ligg på Leikanger, Stadlandet, lengst mot vest i Stad kommune. Hotellet består av den renoverte Furebuda og ei ny fløy med den nyoppbygde Hoddevikbuda - med til saman 32 hotellrom, konferanselokale, møterom, bar, pub og restaurant.

Furebuda var opprinneleg ei fiskebud med fryselager. Fiskebuda vart bygd om til restaurant og pub i 2001. I 2017 vart Furebuda utvida til eit lite og koseleg hotell med 12 hotellrom. I 2019 utvida eigarane ytterlegare, og bygde ei heilt ny og toppmoderne hotellfløy med 20 hotellrom, ein stor konferansesal, fleire møterom og eit museum med historisk sjarm. Denne vart bygd på tomta til gamle Hoddevikbuda, derfor fekk hotellfløyen same namn. I museumet er det brukt det same treverket som var på den opprinnelege Hoddevikbuda.

Ervik havfiske

Råvarer av høgaste kvalitet
Stad Hotell er ein del av Ervik Havfiske - konsernet som vart starta av to unge fiskarar, tremenningane Stig Ervik og Kjell Magne Ervik med deira fyrste båt - MS Frøyanes - i 1987. MS Frøyanes var kalla opp etter fiskebåten som bestefedrane deira, Jetmund og Julius , eigde på 1950-talet. Namnet Frøyanes kan ein sjå att fleire stadar inne på hotellet.

Ervik Havfiske legg stor vekt på å levere kvalitetsfisk. I restaurant Longline kan du nyte nydeleg fisk, og vi anbefaler deg å prøve vår spesialitet - Tannfisk, frå vårt fiske i Sørishavet. Avtal med kjøkkenet vårt / kjøkkensjefen vår, og vi lovar deg ei matoppleving utanom det vanlege.

NYHEITSBREV

BOOKING@STADHOTELL.NO
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram