
Endeleg er Hildegunn og Leif-Per Moltubakk tilbake i norsk showbiz! Mykje har skjedd sidan Hildegunn & Leif-Per tok heile landet med storm frå 1998-2010. Hildegunn har skilt seg frå ektemannen, Per-Leif, ho har blitt bestemor til sju – og har endeleg greidd å fullføre ei etterlengta utdanning som mental-coach.
Den sindige drosjesjåføren, Leif-Per, er framleis ein av Sunnmøre mest habile gitaristar, og trass i at han har kjøpt seg hytte med vakuumtoalett er han framleis singel.
Hildegunn og Leif-Per har premiere på comeback-showet sitt i Ålesund den 26. september i haust, men før det kjem dei altså til Stad hotell på Leikanger – for første gong i historia!
Spenn deg fast for ein humorkveld som ikkje liknar på så mykje anna!
18 ÅRS ALDERSGRENSE
Dørene opnar kl. 19.00. SHOWTIME: KL. 20.00