TURAR MED PASSASJERBÅT

Leig passasjerbåt med oss for ein unik opplevelse på Stadlandet. Vi kan tilby frakt av utstyr, turar til dømes til Vigra/Ålesund, ein hærlig sightseeingoppleving eller ein fisketur for grupper. Båten er også utrysta med ROV-funksjon for ein ekstra spennande oppleving. 
Det er mogelig å få servert mat og drikke under turen.
- Kr. 3000 pr. time
- Kapasitet til 12 passasjerer
SEND FØRESPURNAD

SURFING 

Hoddevika er kjend for sine kvite sandstrender omkransa av høge fjell. I vatnet møtast nybyrjarar og erfarne surfarar, for å dele gleda som bølgjene byr på i denne idylliske omgjevnaden. Året rundt - uavhengig av sol, regn, snø - blir surfing ein minneverdig oppleving.

På Stadlandet er det mange dyktige instruktørar - både for deg som vil fange di fyrste bølgje, bli betre eller kun treng ei guide i surfemiljøet her på Stad. Kontakt oss så hjelper vi deg med å booke ditt kurs. 
SEND FØRESPURNAD

FJELLTUR

Stadlandet er fullt av fine turområder og vi vil sjølvsagt dele våre favorittar med deg. Hovden i Ervika er til dømes ein enkel tur som ikkje berre byr på magisk utsikt, men òg på historisk sjarm. Her kan du sjå spor frå andre verdenskrig i form av bunkersar og tunnelar gjennom fjellet. Ein annan favoritt er Mosekleivhornet - med utsikt over vakre Hoddevika. 

Spør oss gjerne om råd for å finne ein tur som passer deg - og ta gjerne i bruk app / nettsiden UT for å navigere deg blant turar i nærområdet. 
UT.NO

STADT TENNISBANE

10 minutters gange frå hotellet kan du boltre deg på ei heilt ny tennisbane. Ein kan leige både racket og ball frå utstyrskassa, mot ei tilleggsavgift. Meir informasjon om korleis ein går fram for bruk og betaling, finn du på Facebooksida deira.

Og når du først er i området, anbefalar vi å teste ut strandvolleyball-bana som ligg mellom tennisbana og småbåthamna. 

På fine sommardagar er dette eit populært område for både bading og aktivitetar for store og små. 


LES MEIR PÅ FACEBOOK

GUIDA TUR

Med Stadt Naturguiding får du guida fotturar på Stad og i Selje med spennande og dramatisk historie inkludert  - og samstundes oppleve området saman med lokalkjende. 

Påmeldingsturar vert annonsert på facebook, er varierte og passar for dei fleste. Du kan òg bestille guida tur for ei gruppe. Ved ønske kan dei ordne transport til dykk. 
Priseksempel: 3-4 t, minimum 4 pers 350, - pr. pers. Større grupper - be om pristilbod. 
SEND FØRESPURNAD

KUNST OG KREATIVITET

Natur - til inspirasjon, for deg som ønske å være kreativ med materialer av leire, akryl, olje, ull og gjenbruk. Du kan sjølv drøyme deg vekk mens du dreie i leire eller være med på kurs eller temakveld å lære av Rita. Eller hvorfor ikke ta med gjengen på spennende teambuilding? 
Verkstaden ligger et stenkast fra hotellet. Her kan du kjøpe og kjøpe håndverk av lokale personer. Alt fra keramikk, strikk, hekl og bilder i akryl og olje til naturmaterialer omgjort til bruksting og produkter i sølv. 
NATIN.NO

SELJA KLOSTER

Klosterbåten tek deg med til majestetiske Selja Kloster med daglege avgangar frå Selje heile sommaren. Når du stig i land på Selja, er det som å reise tilbake i tid. Lær den spennande historia om Sankt Sunniva og Selja Kloster. Du kan vandre i dei same gangane som benediktinermunkane vandra for over 700 år sidan, og gå opp den smale trappa til toppen av klostertårnet. Følg i Sankt Sunniva sine fotspor opp stien til den heilage Sunnivahola, og nyt den spektakulere utsikta over klosteranlegget. Kanskje du vil smake på vatnet frå den helbredande Sunnivakjelda?
SELJAKLOSTER.NO

SELJE GOLFBANE

Golfbana i Selje er ei utfordrande 9 hulls parkbane. Bana ligg i eit rolig og naturfint område. Bana har sommargreener heile året.

Greenfee 200, -.  
SELJE GOLFKLUBB

SAGASTAD

Sagastad er eit moderne besøkssenter om vikinghistoria på Nordfjordeid. Her får du stige om bord i det 30 meter lange Myklebustskipet, landets største vikingskip.
Reis tilbake i tida i vår heilt nye VR-verden og opplev Nordfjordeid som virtuell vikinglandsby. Møt vikingkongen Audbjørn, og lær om hans liv og død gjennom den interaktive utstillinga. Oppdag mystiske ritual og mytologi frå den norrøne trua, og sjå korleis skipet gjenoppstod frå oska i gravhaugen. Senteret fengjer gjestar i alle aldrar, og er ein ypparleg stad å besøke med heile familien.
Velkommen til vikingtida!
SAGASTAD.NO

NYHEITSBREV

BOOKING@STADHOTELL.NO
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram